Vedtekter

Vedtekter
for
Lesja Heimrast

§ 1.

Foretakets navn er Lesja heimrast .
Lesja heimrast omfattar eit fjellområde på sørsida av dalen, eit mindre fjellområde
mellom Lora og Lågen, eit fjellomrade på nordsida av dalen som er delt i to fordi
private skogteigar går inn t i l statsallmeningen og dermed deler ifrå eit lite område
lengst aust i heimrasta ved Andbergshoe. Grensene for desse fire områda og areala star
pa første side i grenseskildringa.

§ 2.

Lesja heimrast – organisasjon.
Forretningskontoret er i Lesja kommune.

Lesja heimrast – i det etterfølgjande kalla laget – er ein organisasjon av alle eigarar av
bruk som har medeigedomsrett i Lesja heimrast.

§ 3.

Formål.
Laget har som formål å samle medeigarane i sameiget for i fellesskap å forvalte
ressursane i sameiget på ein langsiktig og forsvarleg måte.
Laget skal først og fremst ta vare på interessene til medeigarane.
Innafor gjeldande lover og reglar skal laget primært arbeide for god utnytting av
området når det gjeld beite, jakt og fiske.
Laget skal elles arbeide for anna utnytting av sameiget som er tenleg etter tida og
tilhøva.

§ 4.

Andelar i sameiget.
Medeigarane betaler ikkje medlemskontingent. Alle medeigarane er pliktige medlemmer i laget.
Andelane er rekna ut etter matrikkelskylda.
Følgjande bruk har medeigedomsrett med slik andel:

Merknader til etterfølgjande andelsfordeling:
• 148/1 var ikkje med i dei gamle skogutskiftningane, men har fått
medeigedomsrett. Like stor som gnr, 147/1 (0,25 M)==,842 skind.

• 71/4 var ikkje med i dei gamle skogutskiftingane, men har fått
medeigedomsrett. Bruket vart nyskyldsatt til matrikkelens førøkelse i 1890
(dok.334) og fekk 7 øre i skyld. Omrekna svarar det til : 7 x 0,6615 skilling =
4,6305 skilling = 4,6305 x 0,050894 skind = 0,236 skind.

(Her kjem alle andelseigarane. Desse tas ikkje med her.)

Ved deling av eigedom til landbruksformål, blir den frådelte eigedom medlem av laget.
Skyldmark fordeles i forhold til jordbruksarelet. Med jordbruksareal menes dyrka mark.

§ 5.

Arbeidsår og ansvar.
Rekneskaps- og arbeidsåret følgjer kalenderaret. Laget blir forplikta av leiaren saman
med kasseraren.

§ 6 .

Årsmøte.
Årsmøtet har den øvste makta i laget.
Ordinært årsmøte skal haldast innan 15. april kvart år. Berre medeigarane i sameiget
har rett til å delta på årsmøtet.

Der det er fleire eigarar av same bruk, har alle desse talerett, men ved avstemmingar
har dei til saman berre 1 stemme. Ein person som eig fleire gnr./bnr. har også berre 1
stemme.

Ein medeigar kan la seg representere ved fullmektig med skriftleg fullmakt.
Ingen kan møte med fullmakt fra fleire enn ein.

Innkalling til årsmøtet skal sendast slik at den er medeigarane i hende seinast ei veke før møtet.
Saklista skal stå i innkallinga. Når det ligg føre forslag om vedtektsendring, skal
forslaget leggast ved innkallinga.

Årsmøtet kan ikkje gjera bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnte i
innkallinga. Saker som ein vil ta opp på årsmøtet, må vera innkomne til styret innan
den 15. februar.

På årsmøtet skal leiaren i laget vera møteleiar og sekretæren referent. Vedtak på
årsmøtet skal vera ved absolutt fleirtal (minst 50 %) av dei frammøtte. Dersom minst
tre medeigarar krev det, skal stemmegiinga reknast etter andel, jfr. § 4, – men ikkje ved
val.
Likt stemmetal ved val blir avgjort ved loddtrekning. Ved likt stemmetal elles, har
møteleiaren dobbelstemme.

Årsmøtet skal:
Behandle årsmeldinga og det reviderte rekneskapet, eventuelt også arbeidsplan og
budsjettforslag for neste år.
Avgjera korleis avt. overskott skal disponerast og ta stilling til aktuelle investeringar.
Det skal alltid stå att nødvendig kapital i kassa til drift av laget.
Behandle innkomne saker.
Det skal veljas 6 styremedlemmer for 2 år. 3 av medlemmene går ut etter
loddtrekning etter 1 ar. Leder veljast blant styremedlemmene for 1 år om gongen.
Det skal veljast personlige varamedlemmer til styret.
Velja to revisorar. Desse blir valde for 3 år.
Velja valnemnd på 3 medlemmer. Desse blir valde for 3 år.

Årsmøtet kan vidare:
Delegere myndigheit til styre/fagutval.
Diskutere og gjera vedtak om målsetjingar for drifta av sameiget.
Vedta godgjersle for tillitsvalde.
Opprette fagutval og tillegge desse bestemte oppgaver, t.d. jaktutval, beiteutval el.l.
Gi retningslinjer for styret og eventuelle fagutval om:
prisar på jakt og fiske
feltinndeling og jaktreglar
fiskereglar
utleige av jakt og fiske
bortbygsling, evt. sal av grunn
motorferdsel i utmark
andre former for utnytting av sameiget.
Gjera vedtak i andre saker som vedkjem sameiget.

§ 7.

Ekstraordinært årsmøte.
Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret eller representantar for 1/3 av andelane
krev det. Innkallinga skal skje med same frist og på same måte som for vanleg
årsmøte. Det kan berre bli gjort vedtak i dei sakene som er nemnde i innkallinga.

§ 8.

Styret.
Laget blir leia av eit styre på 6 medlemer inkludert leiaren. Det er 6 varamedlemer.
Styret er vedtaksført når minst 3 medlemer er til stades. Ved likt stemmetal har leiaren
dobbelstemme.
Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og sekretær.
Ein som går ut av styret kan nekte gjenval for 3 år.
Styret skal leggje fram for årsmøtet: årsmelding og revidert rekneskap og evt.
arbeidsplan og budsjettforslag for kommande år.
Styret skal arbeide for rasjonell drift og utnytting av sameiget i samsvar med
formålsparagrafen.
Etter retningsliner frå årsmøtet, og elles etter gjeldande lover og reglar, skal styret
også:
Organisere utnyttinga av beite, jakt og fiske og ordne med eventuell bortleige.
Organisere og legge til rette for andre tiltak som er i samsvar med formålsparagrafen.
Det skal førast protokoll for styremøta. Protokollen skal vera tilgjengeleg for alle
medeigarane i sameiget.

§ 9.

Fagutval.
Årsmøtet kan vedta å opprette fagutval og tillegge desse bestemte arbeidsoppgåver.
Fagutvala skal arbeide for rasjonell utnytting og drift av sitt interessefelt, og i tråd med
dei retningsliner og vedtak som er gjort av årsmøtet. Det skal førast protokoll for møta.

§ 10.

Småviltjakt og fiske.
Ved organisering/bortleige av småviltjakt og fiske, skal det tas særskilt omsyn til
medeigarane og til folk i nærområdet.

§ 11.

Overskott og underskott.
Overskott og underskott skal fordelast i samsvar med andelane til medeigarane, j f § 4.

§ 12.

Gjeld.
Medeigarane heftar og svarar for gjelda til laget i samsvar med andelsfordelinga, j f
§4.

§ 13.

Endringar.
For å endre desse vedtektene krevst det 2/3 fleirtal av dei frammøtte på årsmøtet, rekna
etter andel. Ved andre gongs behandling – på det neste årsmøtet – krevst det likevel
berre absolutt fleirtal (50 %) av dei frammøtte, rekna dette andel.
Unntatt er §§ 4 og 13 som ikkje kan endrast – bortsett ifrå at det i § 4 er lagt opp til at
endringar i sjølve paragrafen dersom ein eigedom som blir frådelt heretter, får
medeigedomsrett.

Vedtatt på årsmøte 12.04.12

Det er stengt for kommentarer.